Viser innlegg med etiketten fire in my bones. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fire in my bones. Vis alle innlegg

24.04.2012

Precious Bryant

Eg har tidligere skreve om skiva Fire In My Bones, ei fantastisk skive med gamal gospel. Og det var på denna skiva eg først høyrde Precious Bryant (04.01.48, Talbot County, Georgia) med sangen When The Saints Go Marching In, kva kan eg sei anna enn at ho setter følelser i sving. Eg veit ikkje så mykje om ho utenom dei to soloskivene Fool Me Good (2002) og The Truth (2005) og at ho spela Piedmont fingerstyle.
 
When The Saints Go Marching In - Precious Bryant


30.01.2012

Denne skiva med Raw + Rare + Otherworldly African-American Gospel (1944 - 2007) er satt saman av Mike McGonigal, og det tar litt tid å få absorbert da det er snakk om 80 sanger fordelt på 3 skiver. Denne samlinga med nesten 4 timer med hidden gems består hovedsakelig av sanger som aldri har vore tilgjengelig på CD (eller andre moderande format), og sangane er hovedsakelig fra før andre verdenskrig. Eg må innrømme det er jaggu meg mykje som er drit på denne skiva, og nokre sanger som er så sjukt ute at eg skjønner ikkje bæret og ein del sanger som har så sjabby lyd at det er låkt å høyre på. MEN med tanke på antallet med sanger så er der sjølvsagt nok av godbiter. Lyden fra denne tida har alltid fascinert meg, og eg trur kjærleiken for den starta da eg ramla over The Carter Family da eg bodde i Arendal og kjeda vette av meg.

Nobody Knows - Robert Brown & The Sons Of The South


I Made A Vow To The Lord - Rev. Steward & Family


I Love The Lord - Clear Creek Missionary Baptist Church Congregation