22.04.2010

Daniel Smith

Der er mykje spenstig pop og rock der ute, men likevel langt mellom dei skivene som faktisk har 10 bra sanger, i motsetning til dei som faller saman etter 3. Og det som er enda sjeldnere er band/artister som klarer å holde på oppmerksomheta mi over fleire skiver og år. Daniel Smith er ein av dei for meg. Eg husker så sjukt godt første gangen eg høyrde hans band Danielson Famile på radio i mitt lille gule hus på Espa (du veit: E6 beste boller...). Sangane eg høyrde var Rubbernecker og Runnin To Brother, og eg kunne ikkje tru mine egne øyrer: Dette var jo akkurat slik eg vil ha det! Det er så uforutsigbart som du får pop musikk, uten å måtte leike Residents, og måten han syng på (les: falsett) er til tider veldig krevande for deg som lytter, men det han klarer gang på gang er å skape vakre korte øyblikk som setter alt rundt på plass. Dette er digg indie pop gospel! Gospel fordi han har vore gjennom ei spirituell opppvåkning, men slapp av, overhode ikkje påtrengandes som f.eks Stryper (du veit: To Hell with the Devil:)

Så kven er denne karen? Daniel Smith er fra Clarksboro, New Jersey, og hans første skive kom til som ein del av eit prosjekt på skulen: A Prayer for Every Hour (1994). Han brukte sine søsken som musikanta, trur den yngste var under 10. Ei Ok skive, men har sine store mangler på både lyd og snert. Dei kalla seg Danielson Famile, og neste skive kom ut i 1997, ein dobbel 10" kalla Tell Another Joke at the Ol Choppin Block. Denne skiva anbefaler eg deg å starte med, liker du ikkje denna, kan du bare gå tilbake til Slade samlinga di!Og det stoppa ikkje der, dei gav ut 3 skiver til, den siste i 2001. Alle vakre på sin måte. Søskena vaks til, fekk egne liv og det vart til slutt vanskelig å få organisert konserter og innspelinger. Så det resulterte i at han starta som solo artist under navnet Br. Danielson. Joda, fortsatt veldig bra, meeeen ikkje like sterkt gjennomføring når det kjem til heile skiva. Derfor var gleda stor da han lanserte sitt 3je prosjekt kalla Danielson. Dette er han saman med venner som Sufjan Stevens, Deerhoof og Half Handed Cloud. Rett og slett ei sjukt bra skive!!!!! Løp og kjøp Ships (2006) i dag! Så no driver eg bare dank og venter spent på fortsettelsen.

Danielson - Did I Step on Your Trompet


Danielson Famile - Idiot Boksen (ingen skrivefeil, han er gift med ei fra Hamar, kun 20 min fra Espa)


Danielson - Blood Book on a Half Shell

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar