22.04.2010

Bitter som Bo Diddley....

...er jo eit nytt begrep vi kan ta i bruk. Eg digga å lese biografier av musikera, dei fleste har opplevd meir enn eitt liv, og no har eg akkurat gjort unna Living Legend (1989) av George R. White. Boka er basert på artikler fra magasin og intervju med Bo Diddley sjøl. Med andre ord får eg litt følelsen av at den var litt ensidig, for Bo har vel ikkje skylda for nøke, eller? Født i Mississippi i 1928 som Ellas Otha Bates, som vart endra til Ellas McDaniel. Han var vist ein trollmann med hendene, og var den som alle naboane ropte på om noko hadde brøte saman. Han starta tidlig å bygge sine
egne gitara, men trademarket hans vart ein rektangulær Gretsch kall "The Twang Machine". Forøvrig fann han opp mange spesial effekta for gitar som mange tok etter han. Gitaren var ikkje hans første instrument, for det var fele. Og pga den, hevda han sjøl, oppsto det berømte Bo Diddley beatet: "One and two and three and four and one and two and three and four and...". Eit beat som millioner har brukt sidan, og det er akkurat her kjernen ligger med tanke på hans bitterhet. At alle tok etter han og brukte hans beat. Han åpna døra til rocken og slapp alle igjennom, mens han sjøl endte opp med å stå igjen med å holde i håndtaket. Men sjølsagt, det er no meir enn bare det, han gjekk jo på samme smellen som så mange andre farga artista på hans tid: tapt royalties og dårlige managera. Klassisk, hæ? Han var ein ekstremt målretta og hardtarbeidande musiker, og klarte å styre unna ei fallgruve: alkohol og dop. For meg er han ein av dei første, saman med Chuck Berry, gutta som hold på når Jimi Hendrix gjekk i bleier! Under har du eit klipp der han gjer det han kan best: ROCK OUT WITH THE BEAT!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar