25.02.2012
Dead Kennedys - California Über Alles (12" Plastic Toys Remix)
Eg er vel den som er mest overraska over å like dette. Plastic Toys er 2 italienera (produsent og musiker) som har ein felles interesse for "music & pussy". Sjekk ut fleire av deira remixer på Soundcloud.
Etiketter:
12 inch plastic toys remix,
california über alles,
dead kennedys
12.02.2012
Django Django
Beklager virkelig for at det har vøre litt avstand mellom nye innslag på denne kloggen, har starta i ny jobb og eg har vore meget opptatt. Men no har det løsna litt så da skal eg muligens love litt tettere innslag. Og først ut i dag er bandet Django Django, 4 kara fra Edinburgh som veit kva som trengs for å skille seg ut. Dette føles veldig friskt, men eg har så langt bare hørt 1 låt, men skiva er underveis. Jamie Fullerton (NME) legger lista høgt: It’s a dream of the psychedelic tropics, a heady explosion of colours, an album that takes what it means to be ‘in an indie band’ and gives it a good shake. Time to pay a visit. Deira s/t debut album kom ut 30 januar 2012.
Fred Åkerström
Liker følelsen av å sitte å glo på ein favoritt serie når det popper opp ein sang som passer perfekt til stemninga, og kjenne på kroppen at den er med. Dette skjedde meg i går når eg satt og såg på Dag med Atle Antonsen: Fred Åkerström med sangen Jag Ger Dig Min Morgon. Sangen er fra skiva Två Tungor (1972) (jepp, det er fra Inger Hagerups dikt), og det kan også nevnast at skiva vart til med hjelp fra Lillebjørn Pille Nilsen og Finn No Kalvik. Dette er vist nok Åkerströms mest kjente sang, da er det jo litt kjipt at han ikkje skreiv den, men bare satte svensk tekst på den. Orginalen er med Tom Paxtons: I Give You The Morning.
The Hunches (2002-2008) stammer fra Portland, Oregon, og spelar noko dei sjølve definerer som garage punk. Det første som slo meg var den utrolig heftige lyden, ting er i konstant endring og gir meg assosiasjoner om bølger. Eg har aldri hørt noko band som låter som dette. Dei skal vist nok ha vøre influert av Stooges, Velvet Underground og Jesus & Mary Chain, og eg vil no gjerne få putta på Polvo, US Maple, Swell Maps og Titus Andronicus som band som eg høyrer langt der inne. Dei gav ut 3 skiver, så langt har eg bare fått skaffa meg skiva Exit Dreams (In The Red Records / 2008)
Etiketter:
exit dreams,
in the red records,
the hunches
30.01.2012
Sister Rosetta Tharpe
Sister Rosetta Tharpe (1915 - 1973) er bare så jævla kewl! Ho hadde si storhetstid på 30 og 40-tallet der ho blanda spirituelle tekster med rocknroll komp, og ho har i ettertid blitt kalla "the original soul sister". Dette er dama som hadde større balla en Sam Cooke som var livredd for å bli utstøtt for å krysse over til pop folket. Det er egentlig ikkje så mykje meir å sei, for Du bør høyre meir ved å skaffe deg The Original Soul Sister (disc 1-4) så har du det du trenger når verden går til helvete. Er det greit, ell?
Etiketter:
sister rosetta tharpe,
the original soul sister
Clues
Morro, eg kom akkurat over ein video med dette fine indie orkesteret fra Montreal (sjølvsagt) som eg hadde dilla på i 2009 når dei kom med den s/t debut skiva på Constellation Records. Årsaken til at eg starta å høyre på Clues er Alden Penner (som starta Clues saman med Brendan Reed) som var ein sjefane i bandet Unicorns (2000 - 2009) og som gav ut 3 flotte skiver. Sidan 2002 har eg følgt alt det Alden Penner har rota rundt med, og når han hærjer i indie/lo-fi-land så har han aldri skuffa meg.
Clues "Haarp" from Constellation Records on Vimeo.
Remember Severed Head - Clues
Etiketter:
alden penner,
brendan reed,
clues,
constellation records
Denne skiva med Raw + Rare + Otherworldly African-American Gospel (1944 - 2007) er satt saman av Mike McGonigal, og det tar litt tid å få absorbert da det er snakk om 80 sanger fordelt på 3 skiver. Denne samlinga med nesten 4 timer med hidden gems består hovedsakelig av sanger som aldri har vore tilgjengelig på CD (eller andre moderande format), og sangane er hovedsakelig fra før andre verdenskrig. Eg må innrømme det er jaggu meg mykje som er drit på denne skiva, og nokre sanger som er så sjukt ute at eg skjønner ikkje bæret og ein del sanger som har så sjabby lyd at det er låkt å høyre på. MEN med tanke på antallet med sanger så er der sjølvsagt nok av godbiter. Lyden fra denne tida har alltid fascinert meg, og eg trur kjærleiken for den starta da eg ramla over The Carter Family da eg bodde i Arendal og kjeda vette av meg.
Nobody Knows - Robert Brown & The Sons Of The South
I Made A Vow To The Lord - Rev. Steward & Family
I Love The Lord - Clear Creek Missionary Baptist Church Congregation
Nobody Knows - Robert Brown & The Sons Of The South
I Made A Vow To The Lord - Rev. Steward & Family
I Love The Lord - Clear Creek Missionary Baptist Church Congregation
22.01.2012
Otto Speedway Action Organ
Jøss, eg ser Otto Speedway Action Organ er tilbake og skal spella på Under Brua Festivalen (Hamar) den 19 august. Hmm, det skulle ikkje ha noko med at Halveis Til Haugesund fyller 20 år? Er han blakk no igjen, ell? Ha, det speler inga roll, for detta skal eg få med meg. Har sett han ein gang før på Kroa i Bø, men fekk kun med meg dei siste sangane, og det var heilt konge. Eg fekk sjølvsagt med meg etterfesten, og der fekk eg ein demo cd med ei par spor fra det siste han hadde spelt inn (i 1997?), og eg har ikkje peiling på om dei har komen ut i ettertid. Forøvrig er mannen bak OSAO Geir Birk Nilsen, og har tidligere spelt i band som Russian Amcar Club. Eg kjenner eg gleder meg allereie til august!
Etiketter:
geir birk nilsen,
otto speedway action organ,
russian amcar club
The Babies
Cassie Ramone (Vivian Girls) slo seg saman med Kevin Morby (Woods) i 2010 og sånt blir The Babies av. Har ei skive, ei par singlar og ein EP ute, og eg anbefaler absolutt alt. Det er stas med band med variasjon.
The Babies - Trouble by New Images
Etiketter:
cassie ramone,
kevin morby,
the babies,
vivian girls,
Woods
Abonner på:
Innlegg (Atom)








