Dette er ein av dei beste coverlåtane eg veit om, den er rett og slett perfekt. Lyden og måten den er arra på er nydelig. Sangen gav meg håp om at ho skulle slutte med detta jævla singer gnålet sitt og kanskje gjere noko som ser framover, og jaggu gjorde ho ikkje det på hennar siste skive It All Starts With One. Sangen Falling Down er henta fra Walk With Me som er fra den fine hyllestboxen til St. Thomas.
02.01.2012
Fiona Apple - Across The Universe
Langt fra min favoritt artist og langt fra min favoritt Beatles sang, men sammen med Paul Thomas "Constantly Moving Camera" Andersons bilder så blir dette faktisk veldig fint. Han er regissør/manusforfatter/producer og har gjort filmer som There Will Be Blood, Magnolia, Boggie Nights + + +
Etiketter:
across the universe,
beatles,
fiona apple,
john lennon,
paul thomas anderson
Rapeman
Forferdelig dårlig navn på detta noiserock orkesteret som eksisterte fra 1987 - 89 og som bestod av Steve Albini, David Sims og Ray Washam. Navnet stammer fra ein japansk tegneserie. Hardcore har aldri vore mi greie, men sangen Log Bass fra 7" Live fra Chester (UK, 12.10.88) har eg av ein eller annan grunn hatt dilla på ei god stund no.
Etiketter:
david sims,
rapeman,
ray washam,
steve albini
01.01.2012
Okkervil River - Listening To Otis Redding At Home During Christmas
Hmm, ken skulle tru det, Okkervil har for ein gang skyld laga noko som eg likar.
13.12.2011
Juleferie!!
Beklager at det har vore lite nytt her inne på SoulForSjela dei siste ukene, eg har vore bizzie: cause Im a rebel, but I didnt know it. Samt at DivShare har problemer med sin spelar så eg får ikkje lasta opp sanger og lagt dei ut, forhåpentligvis er dette fiksa om ikkje alt for lenge. Men eg tar no juleferie, og dette blir dei siste orda eg gidder å skrive i 2011! Vi sjåast åt i januar 2012, og da har eg masse fine sanger rippa fra mi eiga vinylsamling som eg er sikker på at akkurat DU vil like.
Tenkte det passa bra med å runde av med Little John Cash, han er sånn ca. 7 år!
Tenkte det passa bra med å runde av med Little John Cash, han er sånn ca. 7 år!
Swell Maps
Ajajaj, kva skjedde? Kvifor ikkje før no? Erre mulig at dette kom ut for over 30 år sidan? Av og til så kjem eg heldigvis over band som eg veit med ein gang at dette blir eit forhold som varer livet ut. Dette bandet har alt som eg søker etter: fantastisk lyd som overgår det meste som kom ut i overgangen 70/80-tallet, fantastiske sanger med krumspring på alle dei riktige plassane, humor (bare sjekk ut sangen Steven Does), melodier (sjølv om dei er godt gjøymde) og at dei gav seg på topp med kun 2 langspelera (+ ei rekke med 7"): A Trip To Marineville (1979) og Jane From Occupied Europe (1980). Bandet vart satt saman av brødrene Kevin og Adrian Godfrey tidlig på 70-tallet i Birmingham, UK. Nokon kjenner dei kanskje igjen som Epic Soundtracks og Nikki Sudden?? Førebilda var alt mellom T-Rex til krautrock band som Can, og da er det kanskje ikkje så rart at ein ender opp med noko som høyres friskt og orginalt ut. Skjønner godt at band som Pavement og Sonic Youth har blitt påvirka av Swell Maps. Eit fantastisk band som eg elsker av heile mitt hjarte!
Sungha Jung
Sungha Jung er født i Sør Korea i 1996, og han har ein draum om å bli ein profesjonell gitarist, og med 2 skiver ute allerede med solo-gitar-fingerpickin-style så er han allerede på vei til å nå målet sitt. Eg har heile livet hatt dilla på gitarister som kan det å spele gitar (tenker da ikkje på jålebukker som Keith Richard, Pete Townshend mm), og han lille pjokken her har verden for sine føtter. Eg er mektig imprignert! Og eg blir veldig misunnelig. Dette handler ikkje bare om å øve nok (han mellom 2-3 timer per dag), men å være født med noko grunnleggande som gjer at ting fell ein meir naturlig inn. 25.11.2011
Leonard Cohen
Old Ideas er Cohens nye skive som kjem i januar 2012, og Show Me The Place er den første singelen han har kome med sidan 2004. Vakkert!
Show Me The Place by leonardcohen
Etiketter:
leonard cohen,
old ideas,
show me the place
Abonner på:
Innlegg (Atom)


