13.12.2011

Swell Maps


Ajajaj, kva skjedde? Kvifor ikkje før no? Erre mulig at dette kom ut for over 30 år sidan? Av og til så kjem eg heldigvis over band som eg veit med ein gang at dette blir eit forhold som varer livet ut. Dette bandet har alt som eg søker etter: fantastisk lyd som overgår det meste som kom ut i overgangen 70/80-tallet, fantastiske sanger med krumspring på alle dei riktige plassane, humor (bare sjekk ut sangen Steven Does), melodier (sjølv om dei er godt gjøymde) og at dei gav seg på topp med kun 2 langspelera (+ ei rekke med 7"): A Trip To Marineville (1979) og Jane From Occupied Europe (1980). Bandet vart satt saman av brødrene Kevin og Adrian Godfrey tidlig på 70-tallet i Birmingham, UK. Nokon kjenner dei kanskje igjen som Epic Soundtracks og Nikki Sudden?? Førebilda var alt mellom T-Rex til krautrock band som Can, og da er det kanskje ikkje så rart at ein ender opp med noko som høyres friskt og orginalt ut. Skjønner godt at band som Pavement og Sonic Youth har blitt påvirka av Swell Maps. Eit fantastisk band som eg elsker av heile mitt hjarte!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar