06.11.2011

Here comes the judge

Ein glimrande sang skrevet av Shorty Long og utgitt på Motown i 1968. Her er mine tre favoritt versjoner i prioritert rekkefølge.

Pigmeat Markham


The Make Up


Shorty Long

Bloody Beach

Eg har virkelig fått dilla på denna gjengen, og eg gleder meg til å høyre kva dei kjem opp med på neste skive, som eg håper blir ein langspelar. Mens vi venter kan vi riste kropp til Quembo Que.

Bloody Beach - Quembo Que from Mario Urban on Vimeo.

30.10.2011

A. K. - The Eat Theme

Har aldri vøre noko spesielt glad i instrumental musikk i vanlig pop og rock format, men eg må sei at eg er litt svak for gruppa A. K. og deira flotte sanger som gjer at eg får lyst å røyke sigar,  drikke whiskey og myse på jentene. Dessverre så er det absolutt ingen info om å finne om dette bandet. Sangen The Eat Theme kom eg over på ein uoffisiell compilation skive kalla Lets Dance The "Popcorn" 6.

A. K. - The Eat Theme

Wise Blood - Nosferatu

Skiva These Wings kom ut i september på Dovecote Records.


Wise Blood - "Nosferatu" (Official Music Video) from Dovecote Records on Vimeo.

Hanni El Khatib


Slapp sitt debut album Will The Guns Come Out i september i år, og skiva skal visst nok passe for..."anyone who has ever been shot or hit by a train". Skiva er ei blanding av rock, blues og garage, og det som fascinerer meg er det statiske som preger låtane hans. Eg må no innrømme at min inngang til hans egne låter var via hans tolkning av soul klassikeren Hold On Im Comin (Sam & Dave). Forøvrig ser eg at Hanni foretrekker ein Harmony Silhouette (H19) gitar med dei mykje omtalte DeArmond moustache pickups. Det høyres da virkelig fett ut.



The Eversons


Det er jaggu meg mange år sidan eg har fått med meg litt Kiwi indie fra New Zealand, og eg synes The Eversons høyres trivlig ut på deira debut EP på Lil Chief Records. Det er iallefall ein bra start på noko som kan bli større. Stikk hit for å sjekke ut fleire sanger og for å laste ned sjiten.

Aslak Brekke & Eivind Groven - Ståle Storli

Aslak Brekke
Eivind Groven
Denne sangen er noko av det vakraste eg kan høyre, og eg setter den like høgt som gullkorna til Sudan Dudan og Triakel. Sangen blir framført av Aslak Brekke (1901 - 78) ein kveder og folkesanger fra Vinje i Telemark. , og barndomsvennen Eivind Groven (1901 - 77, Lårdal), som var ein komponist, folkemusikksamlar, musikkforskar og spellmann. Groven er blant anna kjent for å være ein radiopioner, og han var vel kanskje årsaka til at Aslak Brekke var den første folkesangeren som vart kringkasta på radio i 1935, noko som skapte lytterreaksjoner blant dei fisefine følka i Oslo. Groven noterte: Brekke song aldeles fullkome. Endå synte det seg at folk ringde opp kringastinga og klaga. Det er folk som ikkje enno hev lært å skyna den ekte gamle norske songmåta. Eg noterer dette som eit prov på kor absolutt ein viss mentalitet her i hovudstaden er utestengd frå norsk kjensle. Videre så er Groven kjent for å ha funne opp Det Reinstemte Orgelet, og det er dette som du høyrer på sangen Ståle Storli, som er eit opptak fra 1938. Eg rett og slett digger den fantastiske lyden på dette opptaket. Sangen Ståle Storli handler sjølsagt om kjærleik til ei husmannsjente som ikkje blir gjengjeldt.

Aslak Brekke & Eivind Groven - Ståle Storli

Bootleg: Jimi Hendrix


Opptaka fra Konserthuset i Stockholm (09.01.69) utgjer ein av dei bedre bootlegane eg har hørt av Jimi Hendrix. Dette er ein av mange uoffisielle utgivelser som familien Hendrix har stoppa ved å dra folk for retten. Denne gangen var det Purple Haze Records som måtte ut med $ 28500 i erstatning.

Jimi Hendrix - Spanish Castle Magic


Når vi først er inne på Jimi Hendrix så har eg alltid digga dette klippet fra Olympia Theatre når dei planker igjennom Sgt. Peppers Lonely Hearts Club Band. Mange trur at dette er den versjonen som han spelte 2 dager etter at The Beatles slapp skiva Sgt. Peppers med Paul McCartney tilstede i salen, men det stemmer da ikkje da skiva Sgt. Pepper kom ut i juni 1967 og konserten fra Olympia Theatre er fra desember 1967.

19.10.2011

Petula Clark - Un Jeune Homme Bien


Veit egentlig ikkje så mykje om denne snella, men veit ho gav ut skiver og spelte i filmer. Og no har eg også lært meg at ho gav ut EPer på fransk. Her covrer ho The Kings A Well Respected Man.

Jimmy Bee


Det skjer meg stadig vekk at eg får dilla på ein sang og må høyren den ein slomp med ganga kvar dag, og denne rakkeren av ein energi klatt fenger meg virkelig. Intro og stikk mellom versa er rappa fra Otis Redding / Steve Cropper, men det er ikkje plagsomt. Sangen er som ein trekant: starter rett på sak med obligatorisk ad-lib, roer ned rett inn i versa, har eit uvanlig bridge med heftig presise trommer i 2 runder, før ein går inn i neste bolk med vers og avslutter med meir ad-lib basert på første del av sangen. Så det så. Jimmy Bee kom fra Bay Area og var med i ei mengde do-wop band på 50- og 60-tallet, og vart seinere ein del av The Johnny Otis Show. Gav kun ut ei skive som solo artist, og det var ei live skive i 1973. Det er raw soulfunk, skiva har meget bra lyd, og muligens eg gidder og poste meir om det ein annan gang.