17.04.2016

David Byrne + St. Vincent - Road To Nowhere

Det er no slik blitt at du blir pepra og frista av alle happenings og konsert du føler du må gå på, så du trykker Like / Skal Delta. Men dagen kjem og det heile går glatt forbi uten at ein opplever eit savn av å ha missa ut. Eg kjenner nok av følk som tar seg av det, dei som absolutt må være tilstede livredd for å gå glipp av nøke. Eg opplever dei meir opptatt av kven som er tilstede, meir enn kva som står på scena. Eg kallar dei bare for Dilterane. Men så er det sjølvsagt alltid nøke som har skjedd og som ein burde være ein del av. Slik er det bare. Og for min del gjekk eg glipp av konserter med Young@Heart og David Byrne og St. Vincent. Det er rett og slett bare trist.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar