20.05.2012

The Felice Brothers

Normalt så blir eg raskt litt rastlaus når eg vandrer i detta landskapet, men har absolutt nokre favoritter, og da kjem ein ikkje unna The Band for min del. Det har tatt meg lang tid før deira musikk satt hos meg, og det var først da eg kom over deira opptreden med Bob Dylan i Royal Albert Hall (1966) eg skjønte at dei har det. Dei spelar rett og slett veldig tøft, og veit og gi rom til sangen. Og for dykk som kjenner skivene ut og inn, så anbefaler eg dykk å sjekke ut bootlegen fra Philidelphia Academy Of Music (1969) da eg illefall tykkjer at nokre av sangane har ein edge som ikkje kjem fram på skivene. Og det er her The Felice Brothers kjem inn, for dei minner meg kraftigt om The Band, men har mykje som eg savner fra gamle gutta. The Felice Brothers (2006) består av brødrene Ian (vokal, gitar, piano) og James (orgel, vokal, piano) Felice, Christmas Clapton, Greg Farley (fele) og Dave Turbeville (trommer), og dei starta opp med å spele på NYC subways, og har dei siste åra turnert store deler av USA. Gutta har ei håndfull med utgivelser bak seg, deira siste skive Celebration, Florida kom ut i 2011.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar