02.10.2011

The Worlds Most Recorded Drummer!


Korleis er det mulig å gløyme av Bernard Purdie når det kjem til mine favoritt trommiser? Eg er jo svak for Buddy Rich og hans speed trommesoloer og hans artisteri, Al Jackson (Booker T & the MGs) fordi han virkelig er The Human Timer, men når det kjem til å sette sitt preg på musikk historia ved å være innovativ så er jo Bernard Purdi # 1 for meg. For det finnes vel ikkje meir laidback og kul stil enn hans, og om eg nokon gang skulle ha gått i lære så skulle det vore hos han. Bernard Purdie (1939) har spelt med dei alle: BB King, Aretha Franklin, Miles Davis, James Brown, Dizzy Gillespie, King Curtis, Steely Dan und so weiter.......Det er eitt ord som oppsumerer hans stil: GROOVES. Kvar gang eg kjem over trommiser eg digger så tenker eg alltid: Tenk kva denna mannen kunna utretta om han hadde sløppe til i The Beatles! Jaudå, eg veit, Ringo er no sikkert ein hyggelig kar, men vi alle veit han var det svakaste leddet, og som bassisten sa: han er ikkje den beste trommisen i The Beatles eingang.
Bernard Purdies trommespor har blitt sampla utallige ganger, kvar trur du intro på Devils Haircut med Beck kjem frå? Hæ? Denna mannen har tonnevis med sjarm, bare sjekk ut det første klippet der han gir ei innføring i The Purdie Shuffle. Eit beat som John Bonham har benytta i bl.a Fool In The Rain.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar