13.04.2010

Songs in the key of Z

Av og til føles det godt å sette på musikk som høyres litt rart ut, men likevel har musikken ein harmoni som treffer mine strenga. Musikk som føles som eit nullpunkt. Som f.eks. Trio med Stephan Remmler i føringa (du husker kanskje: Da Da Da - ich lieb dich nicht du liebst mich nicht aha aha aha). Har sjølsagt alle skivene på vinyl! Eit anna band som eg liker er The Moon Riders, nokre kule japanera. Det var faktisk Rob Zabrecky fra Possum Dixon som tipsa meg om dei (RØLE NO!). Veit ikkje så masse om dei, da det meste står på japansk, men har klart å karra til meg 2 skiver som er til tider veldig bra. Må innrømme at det lukter Devo lang vei, men pytt no i det: "Funky papa, crazy mama, macho baby, jub jub jub up!"

The moon Riders - Jub Up Family 


Neste band ut er Suburban Lawns fra California (1978 - 1983). Dei hadde kanskje vore streite hakje det vøre for vokalisten Su Tissue. Når ho starter med sine Yoko Ono utbrudd så kan eg ikkje gjere anna enn å dra på smilebåndet. Ho er ein av dei raraste frontfigurane eg har sett på ei stund. Du veit dei som er det i form av seg sjøl, og ikkje behøver å måtte fyre av ein rakett fra ræva.

Suburban Lawns - Janitor


Neste band ut er noko heilt for seg sjøl: The Shaggs. Bandet består av søstrene Wiggin, og oppsto i New Hampshire i 1968. Etter at mora hadde drømt at ongane ville "...rise to stardom", kjøpte faren musikkutstyr og fekk dei til å øve. Dei holdt det faktisk gåandes til 1975, og musikken er vel noko av det mest antikommerse du kan komme over. Eg kan ikkje skjønne noko anna enn at musikken er eit resultat av null input. 100% orginalt!

The Shaggs - Philosophy of the world

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar