17.08.2011

Alabama Shakes


Dette er usminka rock&soul, og eg digger det. Dei jobber etter samme mal som Donald "Duck" Dunn gjorde (Booker T & MGs): We aint gonna make any work out of it, right? Utrolig deilig å vite at det finnes band som Alabama Shakes der ute. Deira første EP er like rundt hjørnet, gleder meg stort.


16.08.2011

Dominant Legs


Sitter og undrer kva det er med denne sangen som gjer at eg liker den så godt. Fungerer utrolig bra for å få igang kroppen om mårran. Dette er vel slik eg håpte montee skulle høyres ut.


Dominant Legs - Hoop of Love from Eugene Kotlyarenko on Vimeo.

14.08.2011

Wise Blood

Ay, gleder meg til 30 august for da kjem EP # 2. Dei kjem på Europa turne i september, og besøker både Stockholm og København men sjølsagt ikkje lille hippe Oslo.








13.08.2011

The Harlem Shakes

Er fortsatt irritert over at dette fine pop-orkesteret har lagt opp. Men ein får nyte det som finnes og håpe at nokre av karane klarer å stable nye prosjekter på beina. Uansett, kom over sangen A Night, som er ein tidlig versjon av sangen Sunlight som er på skiva Technicolor Health.

Baby Huey

Enda eit fantastisk talent med ei stoooor stemme som daua av overvekt så alt for tidlig. The Baby Huey Story: The Living Legend (1971) er den einaste tilgjengelige utgivelsen. Absolutt verdt å grabbe med seg neste gang du er i ei musikksjappe. Vart du kåt på meir info?

Norske favoritter akkurat no

Jonas Alaska - In the Backseat from Jonas Alaska on Vimeo.


Kakkmaddafakka - "Restless" - official music video from Franck Annese on Vimeo.


Ane Brun - Do You Remember (Official Video) from Ane Brun on Vimeo.


04.08.2011

On Purpose

I motsetning til Kukk Nilsen så liker eg musikk som er fancy, stappa med detaljer, band som stadig pusher seg sjølv til å overraske og som gir blanke faen i den raude tråden og popformelen som Ravi driver å maser om. For meg handler det om å være tilstede der og da. Her er litt info fra gutta sjølve:
we recorded this in a basement on long island in the summer, 2010. it explores foreground music (as opposed to background), our obsession with irony, and our difficulty with sincerity.
Stikk hit og sjekk ut fleire flotte sanger.



Ghost Outfit

Dette er ein duo fra Manchester, og eg liker dei på samme måte som eg liker By Coastal Cafe: langt der inne høyrer eg Beatles, Beach Boys og Ramones. Videoen til Cough inngår i deira ukentlige Young Ghost Weekly Video Thang, sjekk her for fleire fete sanger og trippy videoer.

Cough from Ghost Outfit on Vimeo.

Death Grips


Wow, dette er merkelig greier som eg ikkje klarer å slutte å høyre på, det er noko forstyrra over det heile som kiler seg fast i barken. Du kan laste ned Ex-Military Mixtape her.

(Gotta Get Some Action) NOW!


Alltid like trøtt i tryne den første arbeidsuka etter ferie, og for å gjere meg klar setter eg på denne for å booste meg opp. Steik, dette er tøffe saker, dette var den gang da The Hellacopters sparka balle. Sangen er henta fra den dobble 7" med samme navn og som kom ut i 1996 på White Jazz. Digger lyden, det høyres ut som bandet er på vei å sprenge seg ut av høgtalerane. Såg dei på John Dee i 1997 (?), og eg vart heilt satt ut for eg hadde ikkje hørt ein tøddel før dei drog igang maskineriet og kjørte over oss 40 som hadde dukka opp på giggen. Var ein stor fan nokre år etter dette, men etter som åra gjekk vart lyden meir strigla og låtane meir tamme.