16.01.2016


Nancy Dupree - James Brown

Så fantastisk ein skatt å kome over på ein dag Aksel nagla ein klassiker. Sønge av ei gruppe studenter fra Rochester, NY elementary school. Leda av deira lærer Nancy Dupree. Finnes på eit album med navnet Ghetto Reality. Ei fantasisk skive. Akkurat hørt den. Type Langley.

13.01.2016

05.01.2016

Frank Zappa - The Steve Allen Show (1963)


Pat Hare - Im Gonna Murder My Baby (1954)

Ni år seinare så gjorde Pat Hare akkurat det, pluss ein politimann som kom til åstedet. Han satt i fengsel til han strauk med av lungekreft i 1980. Han var ein mann som allerede på tidlig 50-tallet hadde ein distorta lyd på sin elektriske gitar. Ingen boks, kun hans lille Sears & Roebuck amp på full guffe. Hans gitar solo på James Cottons Cotton Crop Blues er den første med distorta power chords. Han har spelt på skivene til bl.a. Bobby Bland, Muddy Waters, Howlin Wolf.

Nina Simone - I Wish I Knew How It Feels To Be Free

Satt no og gløtta på ein dokumentar om Nina Simone og syntes det heile var rimelig kjedelig. Historier om plaga kunstneriske sjeler bruker å fenge meg som god underholdning. Men det var godt å få vite kvifor ho er så sjukt god på piano. Trur eg skal holde meg til det eg likar, stemma og musikken hennar. Dette er mitt favoritt klipp for øyeblikket der ho ripper inn i ein utvida versjon av I Wish I Knew How It Feels To Be Free med bandet som backer ho på kor.

14.12.2015

Ray Charles - Eleanor Rigby

The Dick Cavett Show, 1972. The Raelettes are: Vernita Moss, Susaye Green, Mable John, Dorothy Berry, & Estella Yarbrough.

New York Groove

Det britiske bandet Hello var dei første som gav ut New York Groove på deira debut album Keeps Us Off The Streets (1975). Dette var 3 år før Ace Frehleys versjon av denne klassiske sangen som er skrevet av Russ Ballard. Eg huska kor skuffa eg var når eg første gangen høyrde Hello sin versjon, og kor kliss lik den er Ace sin versjon. Ace er jo eit kokkahaud og ein latsabb, så kanskje ikkje så rart at han ikkje gjorde så mykje meir ut av det. Egentlig ein streit cover versjon av Hello sin versjon. Ace hevder at hans tilnærming til låta var inspirert av hans erfaringer med horer i NYC på 70-tallet.