18.10.2015

14.05.2014

06.04.2014

Pop & Rock perler fra 70 -tallet

Satt og slentra meg ein sein kveld, kjeda meg faktisk litt, Pop & Rock perler fra 70 tallet skulle til å starte på NRK. Normalt betyr det playback av idiotiske glamband fra Top Of The Pops der BBC dro alle dei nye TV-triksa der alt skal blinke og bare forvirre. Men der tok eg kraftig feil. Dette var det som møtte meg.

17.12.2013

Jakob Sande

LIKFUNN

So fann dei han Ole Johan,
langt burte i Håsteins-hagen.
Der låg han og rotna og brann,
med solsteiken rett i magen.
Og magen var grøn og blå,
av steinklaka gorr og slim,
og flugor og kvitmakk små,
aula i yrjande stim.

Spyfluga grøn og feit,
la sine egg i skinne',
og ålkvite småmakkar beit
seg gangar og bol der inne.
Ei rotte stakk tranten ut,
– kva svarten som no var og sjå?
Ho var som ein blodgorra klut,
med blankslimut hale på. –

Og augo hans Ole Johan,
var berre ei slimut glye
som nedover kinnet rann,
so sleip som ei slimut spye.
Og nasa eit blodraudt sår,
der beinpipa lyste bleik.
For rotta ho var der i går,
og åt seg so feit ei steik.

Og lippa for kjøt var rein,
og gliste med kvasse tenner,
som illkvite stakk og skein,
som marssol på frosne fenner.
Og teven stod tjukk ikring,
denne blaute, flytande kropp,
og kråka sat rundt i ring,
og skratta med høge hopp.

So tok dei han Ole Johan,
og la han på fire påla.
So bar dei han fire mann,
med' kråkene skratta og skråla.
Mykje tå skrotten flaut vekk,
og mykje kvarv burt som eim,
og mykje i spyfluga gjekk,
men beina kom heile heim.

12.10.2013


15.09.2013


09.09.2013

Motorhead - Doctor Rock, Live Düsseldorf 2004

Har dilla på Lemmy og hans liv og musikk. Jepp det stemmer, får ikkje nok av filmen om hans liv. Og kom over ein nokre dokumentarer på youtube som også er verdt å sjå. Men først må jo du bare sjekke ut den heftige live versjonen av Doctor Rock. Du like, du må sjekke ut heile konserten. Min live favoritt av gutta. Mikkey Dee "the swede of greek descent" er faen den kulaste trommisen dei nokon gang har hatt!!



Live Fast Die Old


 The Guts And The Glory



05.09.2013

Young@Heart

Dette er ein av mine absolutte favoritter når det gjelder musikk dokumentarer. Ein av dei eg sparer, og ser kun 1 gang i året. Innrømmer glatt når denne scena kom, så fekk eg tårer i augene. Det er håp veit du, ting er mulig, alder er det du kun ser.