16.11.2011

Caveman


Mine nye favoritter om dagen, og eg gleder meg virkelig til at skiva skal dukke opp i kassa så eg får meir å høyre på. Dette er deilig uforpliktande motstandsfri pop musikk. Dei har det Coldplay, Beach House osv osv mangler, litt sjølvtillit om at låtane er sterke nok til å stå på eigne bein uten å måtte bruke lure trix og krumspring for å komme oss igjennom dagen (øhh...napoo?), eller drukne heile skiten i reverb. Bandet er fra Brooklyn, og kom ut med debut skiva CoCo Beware i går! Det er kanskje nokon som husker ein tidligere post her inne om The Morning Benders og deira fantastiske versjon av Excuses filma av Yours Truly? Om du likte den bør du sjekke Your Truly session av Caveman sin versjon av Great Life. Digger å sjå kor avslappa Mr. Paprika synger.



The Inspirational Gospel Singers


Lite eg vedda lillefingeren på at detta måtte være Aretha Franklin, men nei da, detta er feit groovy  gospel soul av og med The Inspirational Gospel Singers! Digg basslinje, fantastisk vokal, stødig hook, med andre ord har denne sangen alt eg treng for å få meg til å smile. Med eit slikt navn så hadde eg sett for meg eit litt anna promo bilde, og eg kan heller ikkje sjå noko kvinnz der, og da lurer eg på: Kva heiter dama som synger? For eg vil høyre meir! Det er rett og slett ikkje meir info å oppdrive på nettet enn at det finnes svært få kopier av denne sangen da dei fleste eksemplara forsvant i ein brann i eit varehus.

The Inspirational Gospel Singers - The Same Thing It Took

The Honeys


Første dag eg kjente vinteren har starta opp, og da er det viktig å få snurra igang skiver for å skape litt motvekt, og kva er vel bedre enn tidlig 60-talls solskinns musikk. The Honeys (slang for kvinnelige surfeentusiaster) består av søstrene Marilyn og Diane Rovell og deira kusine Ginger Blake. Musikken minner meg om tidlig happygolucky Beach Boys musikk, og det er kanskje ikkje så rart sidan Brian Wilson har være high school kjæreste med Marilyn, og han dro dei inn i studio og produserte og skreiv mange av deira beste sanger. Hes A Doll er ein av dei, og var A-sida på deira fjerde singel som kom ut i 1964. Sangen minner meg om ein av mine tidlige Beach Boys favoritter Do You Wanna Dance?

The Honys - Hes A Doll

13.11.2011

06.11.2011

Here comes the judge

Ein glimrande sang skrevet av Shorty Long og utgitt på Motown i 1968. Her er mine tre favoritt versjoner i prioritert rekkefølge.

Pigmeat Markham


The Make Up


Shorty Long

Bloody Beach

Eg har virkelig fått dilla på denna gjengen, og eg gleder meg til å høyre kva dei kjem opp med på neste skive, som eg håper blir ein langspelar. Mens vi venter kan vi riste kropp til Quembo Que.

Bloody Beach - Quembo Que from Mario Urban on Vimeo.

30.10.2011

A. K. - The Eat Theme

Har aldri vøre noko spesielt glad i instrumental musikk i vanlig pop og rock format, men eg må sei at eg er litt svak for gruppa A. K. og deira flotte sanger som gjer at eg får lyst å røyke sigar,  drikke whiskey og myse på jentene. Dessverre så er det absolutt ingen info om å finne om dette bandet. Sangen The Eat Theme kom eg over på ein uoffisiell compilation skive kalla Lets Dance The "Popcorn" 6.

A. K. - The Eat Theme

Wise Blood - Nosferatu

Skiva These Wings kom ut i september på Dovecote Records.


Wise Blood - "Nosferatu" (Official Music Video) from Dovecote Records on Vimeo.

Hanni El Khatib


Slapp sitt debut album Will The Guns Come Out i september i år, og skiva skal visst nok passe for..."anyone who has ever been shot or hit by a train". Skiva er ei blanding av rock, blues og garage, og det som fascinerer meg er det statiske som preger låtane hans. Eg må no innrømme at min inngang til hans egne låter var via hans tolkning av soul klassikeren Hold On Im Comin (Sam & Dave). Forøvrig ser eg at Hanni foretrekker ein Harmony Silhouette (H19) gitar med dei mykje omtalte DeArmond moustache pickups. Det høyres da virkelig fett ut.



The Eversons


Det er jaggu meg mange år sidan eg har fått med meg litt Kiwi indie fra New Zealand, og eg synes The Eversons høyres trivlig ut på deira debut EP på Lil Chief Records. Det er iallefall ein bra start på noko som kan bli større. Stikk hit for å sjekke ut fleire sanger og for å laste ned sjiten.