Korleis i huleste heite kan nokon kalle dette "creepy as hell"??? Fordi det er fra Nord Korea? Eg synes dette er super sjarmigt, og dei er jo plenty med talent. Det einaste snåle eg kan sjå er at dei burde kanskje ha spelt på 3/4 gitarer.
05.03.2012
Brushy One String
Han er sjølvsagt The King Of One String, og han har tydeligvis fått seg sin eigen dokumentar som eg skal sjekke ut. Eg er rett og slett nyfiken om han klarer å holde detta spanande gjennom ein heil dokumentar, kva trur du?
Etiketter:
brushy one string,
documentary,
jamaica,
the king of one string
Botswana
Har kome over nokre kanaler på Youtube som poster hærlig musikk fra Botswana. Her får du uvanlig spelestil, sure og skakke gitarer som mangler strenger og nokre kids fra The Marimba Band Of North Side Primary School Gabarone.
Blues favoritter
I Believe In A Woman - Sly Williams
Lonnie Mack (1941, USA) er ein av dei få blues gutta som eg har sett som tyr til Flying V gitar. Han har ein spelestil med fart og snert i plukkinga si, også er det ikkje så vanskelig å høyre at han sper på med litt rocknroll, han var jo tross alt ein av dei som drog blues-rock toget og gjorde det til ein sjanger. Forøvrig var han ein av dei første som starta med å bruke whammy arma aktivt (sjekk ut låta Wham fra 1963). Eg digger lyden på sangen Baby Whats Wrong, masse reverb der trommene høyres ut som dei står langt unna i ein stor sal. Også må det nevnast at soulgruppa Gigi & The Charmaines er med på vokal, og da kan det faen meg ikkje gå gæli her i gården! Kan forøvrig legge til at Lonnie Mack har vore studio musiker for blant andre The Doors, James Brown, Freddie King og Stevie Ray Vaughan.
Baby Whats Wrong - Lonnie Mack m/ Gigi & The Charmaines
Elmore James (1918 - 1963, USA) er jo kjent som kongen av slide gitar, og han gjekk elektrisk tidlig og var kjent for å dra på når han spela opp til fest. Bakgrunne for hans lydbilde oppstod da han returnerte fra andre verdenskrig (der han var med på å invadere Guam) og fekk seg jobb i ei elektrosjappe. Han plukka deler og satte dei saman, og saman med 2 stk. DÀrmond mikker plassert litt uvanlig så fekk han sin sound. No representerer kanskje ikkje sangen Shake Your Moneymaker hans slide skills, men det er min favoritt låt med denne karen. Han strauk med i 1963 pga. hjerte trøbbel.
Shake Your Moneymaker - Elmore James
Magic Sam (1937 - 1969, USA) sin musikk veit eg svært lite om, men etter å ha kome over detta live klippet så må eg bare få heve meg rundt å sjekke ut kva anna han har å by på, for den gitarlyden han har er sjuuukt heftig: EAT SHIT AND DIE JACK WHITE! Opptaket er fra ein blues festival i 1969.
Otis Rush (1935, USA) har den beste versjonen av I Cant Quit You Baby (da snakker vi orginalen, ok?), og på detta live opptaket fra 1966 så klarere eg ikkje å la vær å smile når han drar i gang med WWWWWEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEELLLLLLLL .......Forøvrig er det alltid fett å sjå links gitarista som ikkje tok seg bryet med å strenge om (gjelder sjølvsagt ikkje for Kukk Nilsen og The Boppers).
Abonner på:
Innlegg (Atom)