Jøss, eg ser Otto Speedway Action Organ er tilbake og skal spella på Under Brua Festivalen (Hamar) den 19 august. Hmm, det skulle ikkje ha noko med at Halveis Til Haugesund fyller 20 år? Er han blakk no igjen, ell? Ha, det speler inga roll, for detta skal eg få med meg. Har sett han ein gang før på Kroa i Bø, men fekk kun med meg dei siste sangane, og det var heilt konge. Eg fekk sjølvsagt med meg etterfesten, og der fekk eg ein demo cd med ei par spor fra det siste han hadde spelt inn (i 1997?), og eg har ikkje peiling på om dei har komen ut i ettertid. Forøvrig er mannen bak OSAO Geir Birk Nilsen, og har tidligere spelt i band som Russian Amcar Club. Eg kjenner eg gleder meg allereie til august!
22.01.2012
The Babies
Cassie Ramone (Vivian Girls) slo seg saman med Kevin Morby (Woods) i 2010 og sånt blir The Babies av. Har ei skive, ei par singlar og ein EP ute, og eg anbefaler absolutt alt. Det er stas med band med variasjon.
The Babies - Trouble by New Images
Etiketter:
cassie ramone,
kevin morby,
the babies,
vivian girls,
Woods
Adele
Eg er som dei fleste andre meget glad i Adele, ho har ei stemme som representerer noko anna enn rompepuppeshakin R&B artister i dag som har gløymd å slå av vibratoren. Og dette klippet under er min favoritt versjon av sangen Rolling In The Deep, og dette er ein live versjon fra eit radio program. Rått rett og slett!! Her har NRK og Popsalongen noko å lære når det gjelder opptak av lyd.
Radiofantomene

Unknown Mortal Orchestra - Thought Ballune
Enda ein video henta fra deira fantastiske debut skive som kom ut i 2011.
Abonner på:
Innlegg (Atom)