Heilt sidan eg vart tipsa av Erling Z Urke om filmen DIG!, fekk eg dilla på musikk dokumentara. Og dei siste åra har samlinga mi blitt fyldig med masse rare historier som er underholdande og inspirerande. Og no har eg fått ein ny favoritt om eit kor fra Northampton, MA, beståandes av pensjonista fra 71 - 92 år! Men dei synger ikkje sanger fra si eiga ungdomstid, her er det snakk om: Sonic Youth, Talking Heads, Coldplay, The Clash, Ramones, James Brown etc etc. Walter Georges dokumentar fra 2007 er heilt fantastisk, det er lenge sidan eg har blitt så rørt etter å ha sett ein dokumentar. Og om nokon trur det er bra fordi det er bare søtt at det er gamlinger som synger hippe låter, så tar dei feil, for dette handler om så mykje meir. Her er det snakk om livsglede, respekt, humor og ulike kropslige plager, alvorlige sjukdommer og død. Når det kjem til framførelse så er det lenge sidan eg har sett nokon gjera det med ein slik entusiasme, det er ikkje vanskelig å sjå at dei legger heile sjela si i sangane. Young@Heart koret vart starta opp i 1982 av Bob Cilman, han er ein yngre kar som velger låter og er ansvarlig med å få alle på rett spor. Eg hadde ALDRI takla å håndtert dette, for du må ha milevis med tålmodighet. Det er nok med utfordringer som rytmeforståelse, skrantane helse og ikkje minst det å huske tekster.
01.12.2010
Oberhofer
Brad Oberhofer er ein ong jypling som he det inne. Alltid stas å komme over nye artister som veit kva dei vil, og som sjelden roter det til. Og ej e ein sucker for kreativ, detaljert lo-fi pop/rock. Det er imponerande å høyre med tanke på at han kun er 19 år! Kva faen gjorde eg på hans alder? Spelte sannsynligvis cover av Midnight Oil og Creedence. Han er i disse dager ute med ein sjølsløppe 7", sjekk utInsound for meir info. Eg gleder meg stort til forsettelsen. Har ein følelse av at han vil dukke opp på Matador Records.
Oberhofer - Away Frm U
Oberhofer - Dead Girls Dance
29.11.2010
Atlas Sound
Atlas Sound er Bradford James Cox sitt solo prosjekt, du kjenner han kanskje fra Deerhunter? Der er han gitarist, sanger og låtskriver. Har overhode ikkje sans for dei, men detta her er noko anna. Han er i disse dager ute med Bedroom Databank vol. 1-4. Tittelen beskriver godt kva du har i vente, dette er virkelig sanger fra soverommet, og det er masse drit fordelt på dei 4 skivene, men flust av gull au, akkurat slik det skal være med lo-fi skiver spelt inn på gutterommet. Gå hit for å laste dei ned gratis: Atlas Sound
Atlas Sound - Day Out
Atlas Sound - Here Come The Trains
Blake Mills
Detta er jo deilig pop, digger lydbildet hans, og det er ikkje så vanskelig å høyre at han har kontroll når det kjem til traktering av gitaren. Blake Mills er kun 23 år (LA), og har allerede røkke å vøre studio musiker for Rick Rubin, Weezer, Jenny Lewis, Kid Rock, Jakob Dylan, Julian Casablancas, Bruce Horsnby etc. Debut skiva hans Break Mirrors kom ut i 2009 på Record Collection.
Blake Mills - Wintersong
Blake Mills - Hey Lover
28.11.2010
David Lynch + Danger Mouse + Sparklehorse
Jøss, detta høyres jo spanande ut. Det er jo David Lynch på vokal jo. Detta er vel hovedsakelig eit samarbeid mellom Danger Mouse og Sparklehorse, og slik eg har forstått det er dette eit prosjekt som muligens ikkje vil bli gitt ut offisielt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)